mandag 3. mars 2014

Bokanbefaling: "Ein tysk soldats dagbok frå krigen i Nord-Norge"

Denne boka kan vi virkelig anbefale! Den tyske feltpresten Martin Johannes Hennig ble i en alder av 42 år sendt til Nord-Norge for å være fangevokter for de russiske krigsfangene som arbeidet på Nordlandsbanen. "Ein tysk soldats dagbok frå krigen i Nord-Norge" er basert på dagboka og brev han skrev til kona og barna hjemme i Tyskland, og er illustrert med fotografier som Hennig selv tok mens han var i området. Redigert av krigshistoriker Berit Nøkleby, utgitt av Samlaget i 2009.



Omtale på baksiden av boka:

"Tyskaren Johannes Martin Hennig var stasjonert i Nord-Norge frå våren 1944 til hausten 1945. Som prest slapp han frontteneste, men blei sett til å vere fangevaktar for dei russiske krigsfangane på Nordlandsbanen. Hennig var stasjonert ved leirar i området Bodø–Fauske og Narvik, og skreiv heile tida dagbok og brev til kona og barna.

Han fortel om dramatiske hendingar som flukt frå fangeleiren og tilbaketrekkinga frå Finnmark. Men først og fremst er notata ein personleg rapport frå krigskvardagen: det venskaplege forholdet til dei russiske krigsfangane, den daglege triksinga for å overleve, den praktiske kontakten med bygdefolket, bekymringa for familien heime i det utbomba Tyskland.

Gjennom Hennigs refleksjonar får vi eit unikt innblikk i korleis ein tysk menig opplevde krigen. Som representant for "herrefolket" såg han ned på russarane, samstundes som han hadde moralske kvalar overfor den tyske framferda. Ikkje minst gir notata eit spennande bilde av månadene etter frigeringa, der situasjonen var kaotisk og tidlegare vener plutseleg blei fiendar." (Kilde: Samlaget).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar